Bjarte Paul Tjøstheim «Det går betre no»

I soloframsyninga Det går betre no viser Tjøstheim ei ny side, og fortel personlege historier frå sitt ytre daglege og sitt indre liv. Som presteson med vaklande gudstru er håpet at englar skal komme for å redde han når livet er på sitt aller mørkaste. Englar med venger, eller berre med kvit frakk. Men heldigvis, det går betre no. – Eller gjer det eigentleg det?

Bjarte Tjøstheim er kjend for dei fleste gjennom
P3-programmet Radioresepsjonen, der han i ei årrekke har vore i trekløver med brørne Sagen.. Den yngre generasjonen kjenner han som faren i julekalenderen
Julekongen. Han har også vore med i ein heil del andre radio- og TV-program, mellom andre Underholdningsavdelingen og TV-serien Presten på NRK. I 2014 vann
han publikumsprisen som Årets morsomste under Komiprisen. Med Det går betre no debuterer han både på teaterscenen og som dramatikar. Bak han står ein annan
moromann: Thomas Giertsen har lang erfaring både som skodespelar og standupkomikar på skjerm og scene, i tillegg til at han har regissert ei rad
med sceneframsyningar og TV-program.   


Billetter til Bjarte Paul Tjøstheim «Det går betre no»

  1. Lør 15. feb kl 19:00 470 kr   Storsal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_