Baker Hansen Flekkefjord Jazzklubb
Korleis kan ein lytte med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen?
Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst?
Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken som
Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og
framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem
musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som
publikum på godt over 150 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.
Baker Hansen har gjeve ut to album med Chet på norsk, Ei som deg (2014) og Gamle Daga
(2016). Tredjeplata kjem i 2019.