Odd Nordstoga - solo

Odd Nordstoga – Min eigen song Etter eit sjølvpålagt nesten konsertfritt år er det med stor spelelyst 2020 blir sett i gang med ein omfattande soloturne. På TV kan du sjå han på «Hver gang vi møtes» og truleg blir det eit par låtar med derfrå ut i konsertsalane. Kanskje også ein smakebit frå eit nytt soloalbum som kjem i løpet av året, men både Frøken Franzen og Farfar blir nok fornærma om dei blir sett til sides, så dei må få vera med. Utover det får berre den som ser sjå. Heilt sikkert er det at Noregs svar på Odd Nordstoga, han kjem. Og han er kjempeglad for å koma ut på tur og møte folk igjen, og vil strekke seg langt for at folk skal bli glade. Fotokred: Lasse Fløde

Billetter til Odd Nordstoga - solo

  1. Fre 6. mar kl 19:00 400 kr   Storsal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_